971 Views

Noregs leiande prosessbåtrederi

Med løysingar som etter kvart er blitt bransjeleiane, har Napier vore fremst innan mykje av utviklinga i oppdrettsnæringa.

August 20, 2022
Skrevet av:

Forfatter

På merdkanten glir eit svart røyr ned i den urolege sjøen. Det blenkjer i sølv når hundrevis av tonn med slakteklar laks vert pumpa om bord i den gule prosessbåten. Her vert dei fordelt i basseng, og sym mot vasstraumen som leiar dei inn i automatiske bløggemaskinar som bedøver og tek livet av dei. Deretter vert fiskane manuelt kontrollert før lagring – for å sikra at dei er blitt korrekt bløgga.

– Metoden me nyttar aukar fiskevelferda og senkar miljøbelastinga for produksjon av oppdrettsfisk, forklarar Kjetil Tufteland, dagleg leiar i Napier. Ved å bløgga fisken på merdkanten minimerer ein handteringa av fisken. Det fører til at fisken er mindre stressa før han vert avliva, og gir båtar med lågare utslepp.

– Fordi prosessbåtar fraktar allereie bløgga laks, kan dei ha høgare effektivitet på lastevolum sett opp mot tradisjonell fisketransport. Samstundes får ein med seg fleire fisk til matfatet fordi me eliminerer dødelegheit under lasting, transport og i ventemerd. Dette gir fleire kilo å fordela utsleppa på, og skapar eit meir berekraftig produkt i fisken me transporterar, forklarar Tufteland.

Eventyret napier starta på 90-talet, då Arnt Eidesvik utvikla konseptet med skyveskott til brønnbåtar. Konseptet går ut på at eit perforert «stempel» trenger fisken i brønnen forsiktig saman, og sørger for at han forlét brønnen effektivt og skånsamt. Dette var revolusjonerande for bransjen, og i 2001 vart Tauranga bygd.

– Tauranga var den første prosessbåten som tok i bruk skyveskottet. Denne teknologien er i dag standard på alle brønnbåtar. Skyveskottet representerer eit stort steg innanfor handtering og transport av laks, og denne innovative tankegangen har me teke med oss vidare inn i framtida når me no vidareutviklar våre eksisterande og framtidige fartøy, seier Tufteland entusiastisk. Ambisjonen er å skapa eit endå meir berekraftig og velferdsorientert produkt i framtida.

– Det høyrer med til historia at Tauranga vart Europa sin første prosessbåt for laks, og sidan 2009 har båten gått fast for Mowi kor han har bløgga, frakta og levert meir enn 600.000 tonn laks opp gjennom åra. Dette har gitt oss betydeleg kunnskap og erfaring rundt dei spesielle forholda ved bløgging på merdkanten.

På prosessbåten tauranga jobbar ni mann i turnus. Til saman ti lærlingar jobbar på dei fire bløggebåtane, og på kvar båt er det eigen fabrikksjef som sørger for topp kvalitet på avliving og lagring av fisken under transport.

– Bømlo har ei lang og ubroten line av sjømannskap og maritim kunnskap som går tusenvis av år tilbake i tid. Matrosane våre på dekk, kapteinane på brua, chiefane i maskinromma eller prosjektleiarane våre på nybygga jobbar alle samen for kontinuerleg å auka verdiane me skapar for våre kundar. Me inngår ikkje kompromiss på kvalitet eller sikkerheit, verken operativt ute til sjøs eller i oppfølginga frå land. Me er stadig i utvikling som bedrift, og har tru på ei berekraftig framtid saman med næringa, kommenterer Tufteland.

Napier er eit selskap som alltid har vore fremst i skogen, og framtida ser lys ut. Innovasjon og berekraft har vore leiestjerner i navigasjonen til reiarlaget heile tida, og Napier sine tilnærmingar pregar heile næringa.

– Innovasjon er viktig for oss, og me trur på at ting kan forbetrast ytterlegare. Mellom anna har me vidareutvikla Clean In Place-system som bevarer kvaliteten på vask av røyrsystem om bord, samstundes som vasketida vert redusert. Me er også med på utviklinga av eit banebrytande reinseanlegg for prosessvatn, der målet er å «nullstilla» RSW-vatnet slik at fartøyet slepp å kjøla ned nytt sjøvatn mellom kvar transport.

Namnet på både bedrifta og dei signalgule prosessbåtane har ei artig historie.

– Namnet Napier stammar frå ein by på New Zealand, der far til Arnt Eidesvik budde i fleire år. Då den første prosessbåten skulle døypast, fall valet på Tauranga, ein new zealandsk by som har ein maritim klang over seg. Etter kvart som flåten har vakse, vart det naturleg å fortsetja denne trenden – og det lev me godt med, humrar Tufteland. Sjølv om namna i bedrifta har eit eksotisk preg, understrekar han det viktige samarbeidet til bedriftene i regionen rundt Langevåg.

– Me nyttar oss av regional kunnskap i størst mogleg grad. Fitjar Mekaniske Verkstad står for bygginga av prosessbåtane våre. Automasjonsbiten har SMART Automation teke og Bømlo Skipsservice står for oppfølginga i etterkant. Det er mykje viktig som skjer her i regionen vår innan skipsfart, oppdrett og den maritime næringa, og det håpar me å kunna ta aktivt del i også i framtida. Målet er at Napier skal vera leiande innanfor kvalitet i prosessbåt-segmentet, og med dyktige sjøfolk, god reiardrift og mange solide støttespelarar rundt oss, har me trua på å få det til, avsluttar han.

Taupiri i sving med lasting med krane.

Kva fordelar gir ein prosessbåt?

  • Auka fiskevelferd
  • Reduserer dødelegheit – ingen dødelegheit under transport eller i ventemerd
  • Reduserer risiko i transportleddet
  • Høgare effektivitet i transporten fører til mindre utslepp per frakta kilo

Sertifiseringar

  • GlobalGAP
  • Aquaculture Steardship Council
  • DeBIO standardane

Fakta:
Etablert: 1995
Tilsette: 72
Tlf. 534 24400
kjetil@napier.no
www.napier.no

Følg oss på sosiale medier